Hopp til produktinformasjon
1 av 1

OMI forlag

"Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria"

"Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria"

Vanlig pris 499,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 499,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter. Frakt beregnes ved kassen.

Lobotomi er ein skamplett i norsk og internasjonal psykiatrihistorie. Noreg var blant dei landa som lobotomerte flest menneske, unge som vaksne. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner», og kvifor heldt legane fram med å lobotomera i fleire tiår etter at medisin var kome på marknaden? Mannen bak metoden, portugisiske Egaz Moniz, fekk Nobelprisen i medisin. Ingen snakka om dei titusenvis av menneska som døydde eller fekk livet sitt øydelagt etter inngrepet.

I Lobotomert skriv eg om eit av dei mørkaste kapitla i behandlinga av personar som var psykisk sjuke, eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet på den tida.

Du møter:

·       Lobotomistane. Internasjonale og nasjonale.

·       Overlegane som nekta å utføra det media hausa opp som «mirakelkur».

·       Dei lobotomerte som fortel om kva dei opplevde. Kjende og ukjende.

·       Pårørande som fekk heim ein person dei ikkje kjende.

·       Og varslarane, dei som heltemodig kjempa for rettferd for dei lobotomerte.

Den fyrste boka eg skreiv, Harastølen. Heimen for dei utstøytte (2023), vart kåra til «Årets indiebok» i kategorien sakprosa. Under arbeidet med den boka oppdaga eg ein slektning som skulle gøymast og gløymast. Var grandtante Juliane Marie, som var innlagd som «sinnssjuk» i over 60 år, blant dei lobotomerte kvinnene?

Kampen for innsyn i pasientjournalen til grandtanta mi er den raude tråden i denne sterke forteljinga. Det er blitt ei bok i boka. Mange illustrasjonar og bilete.

Kr. 499,- pluss porto kr. 73,-

Vis alle detaljer